Gorden Haaland og Terjer Hidle skal dela stillinga som Terje Pundsnes har. Terje Pundsnes blir i stillinga si fram til 1.mai 2010. Dei nytilsette skal læra og væra ilag med Terje desse månadene, og forhåpentlegvis blir det mykje kunnskapsoverføring på kort tid. Steinar Haugse fortset som dagleg leiar som før.
 
Gorden Haaland har kontoradresse Bioforsk, Særheim og får særleg ansvar for Jæren og Sør-Rogaland, Vestagder og Austagder. Terjer Hidle har heimekontor på Nord Hidle og får ansvaret for Ryfylke, Nord-Rogaland og Hordaland.
 
"Me ser fram til spennande og utfordrande oppgåver.Ja da, me veit at dette blir som å hoppa etter Wirkola, men forhåpentlegvis kan me fylla stillinga på vårt vis, og bli til nytte for næringa!" samstemmer dei nytilsette.
Fra venstre: Terjer, Steinar, Terje og Gorden. (Foto: Arne Sæbø, Bioforsk)
 Frå venstre: Terjer, Steinar, Terje og  Gorden. (Foto: Arne Sæbø, Bioforsk)

Norsk Pyntegrønt Forsøksring
Postboks 1438 Vika, 0115 Oslo
Tlf: 23 00 07 69 Faks: 22 42 16 90
E-post:
juletre@lr.no